Norvilt- reportasje om Kennel Klokkarsteinen i 2016 -mannen som temmet Tyskere,les den gjerne via linken under
Me gratulerer Klokkarsteinen`s Jenny med nok eit strålandes utstillingsresultat på Nordhordland Hundeklubb sin utstilling på Manger, Radøy. Dommar :Peter Harsanyi fra Ungarn. Jenny fekk Cert og blei BIR.
Godt jobba frå dyktige eigare Arne og Asta Sandgolt, trass i Jenny sin unge alder manglar ho berre 1 Cert for å bli utstillings champion !
Ny dag på revejakt i Sandsdalen, klokkarsteinens Bella ( Russisk støver) hadde uttak på ein hare etter langvarig tap bytte ho losdyr og drog ivegen med ein rev ,men før me kom på post drog reven ut mot Sogndal og Bella braut då ho ikkje kom over sauegjerdet. Marco ( Haldenstøver) jobba godt på harefot, men tok desverre ikkje ut noko hare i dag .
To økte på revejakt i dag, klokkarsteinens Bella (russisk støver ) fekk los på hare, medan klokkarsteinens Kira spora på nattgamle revaspor. Spora enda i ei stor steinur, og to rever sprang ut, men passerte posten 50 meter uttafor skuddhold. Vil tru hjerte banka ekstra godt på postrekka ( Arnfinn, Henrik og Espen ) som venta,når beskjeden kom på jaktradioen at reven var ute.