Var heldig å få delta på eit jaktlag frå Karmøy og Åmot/Drammen. Turen gjekk til sør Sverige, i nærheten av gamlebyen. Me ankom lørdagskveld og planlegginga starta umidelbart. Me kunne jakte på nær 20 000 mål og me hadde fellingstilatelse på villsvin, kronhjort,dovhjort og rådyr. Eg var heldig å få skyte villsvin og dovhjort som vart jaga fram av tysk jaktterrieren Ulvejelets Mira. Ufatteleg spennande når Mira tok ut los, og det kom på radioen at det var villsvin ho jaga, fekk fire stk. rett i fanget, og den eine måtte bli med heim. Eg hadde Perken med meg og, han hadde gode losar kvar dag han blei sleppt, los tida varierte frå fem minutt til 30 min, alt ettersom om hjorten gjekk rett ut eller ikkje.

I jaktlaget var det med 4 drevera frå Drammen/Åmot, det var jaktmaskiner,gjekk heile dagen og jobba iherdig. Ein  drever og ein tyskar i kvart slipp ,vart det ikkje lenge mellom slipp og full los, noko som gjore det ufatteleg spennande. Var litt uheldig med været,frå snø ,regn til 15-20 blå på 24 timar,skare og styggkaldt dei tre siste dagane la ein liten dempar på jakta. Dette har vert ei veke med flotte jaktopplevelsar, topp hundearbeid og meget dyktige jegera, som verkeleg gav meirsmak, har alt bestilt for neste års tur !

 

Då har åtte kvalpar komt til nye trygge heimar, og me gler oss til å følje dei framover.Vi har beholdt ei tispe som har fått navnet Mini. Inga får gjennomgå litt ekstra no når leikekamaratene hennar er reist,men Inga kosar seg med det og, ho har vert ei eneståandes mor på alle måtar.

No nærmar jula seg her med stormskritt og hjortejakta er på hell,så då er det julefeiring

I dag var me hos dyrlegen med kullet til Inga og Astrix, ingen av dei vart bilsjuke. Alle blei undersøkt,vaksinert og id merka.

Kvalpane oppførte seg eksemplarisk, sjølv om dyrlegen undersøkte nøye, Inga fekk ros for godt stell av kvalpane sine. Friske sunne kvalpar som skal til sine nye heimar til helga.

Godt med mat når dei kom heim både av matmor og Inga, så var det full fart med leik .

Ny hanne hos kennel klokkarsteinen,  Perken  har hatt sine første jaktturer alt og viser gode takter med losar ca.15 min, tar seg ikkje så verst ut framfor kamera heller……..

Perken

Ikkje enkelt å vere fotograf for dessa små , full fart i alle ender. Eit veldig jevnt kull både utsjåandemessig og oppførsel,blir spennande og følge dessa framover .

Kvalpane veks og trivast og i dag er dei 3 veker, men er ikkje så veldig glad i å bli tatt bilde av . Når fotografen er klar har dei snudd seg nesten samtlige.

Flott dag med hjortejakt i Naustdal i terrenget til Ken Egil, Klokkarsteines Huntie og Ulvehjelets Mira fekk vere med i dag, og gjore ikkje skam på rasen Tysk Jaktterrier .

Heile 14 dyr var forbi postrekka i forskjellige losar ,men desverre kun produktive koller m kalv,derfor ingen fall i dag.

Eirik Dankel har filma litt ,og hadde hjorten innan 5 meter 2 ganger.

 

Kombinasjon 1 : Ariell og  Klokkarsteinens Rago fekk eit lite kull på ei tispe og ein hanne.  Ariell er ei flink mor og steller fint med sine 2 kvalpar.

Kombinasjon 2 : Inga Von Kleinem Fluss –og  multi Ch Klokkarsteinens Asterix fekk 10 friske kvalpar, 6 tisper og 4 hanner. Er eit veldig jevnt kull og  like livs ivrige alle som ein . Inga er ei rolig og flink 10 kvalpers mor, som nyter tilværelsen.

Inga Von Kleinem Fluss med sine 10 små