Tyskar Treff 2025

Ei flott helg er over på Hafslo/Gaupne,det har gått over all forventning og som alltid fyk tida for fort. Variert vær som passa utmerka for to og firbeinte under prøvene. Kjekt å sjå att gamle bekjente,og få treffe nye,gler oss alt til neste år.Må sei me er veldig stolte,flinke hundar og eigare,klokkarsteinen sette gode avtrykk fra seg i år og. Neste års treff er 5 til 7 Juni og då har treffet 15 års -jubileum ,Kjekt om du kjem . Lurt å bestille plass på Gaupnetune hytter/rom Camping då det er fleire arrangeang samme helg,benytt deg av 10% rabatt Tysk jaktterrier klubb har fått frå Gaupnetunet. Du får rabatten via online bestillingi perioden 4-8 juni 2026.Bruk koden TJTT26 ved bestilling.

GRATULERE alle sammen,knallbra jobba !

6 nye Championat på vårt oppdrett denne helga,me er ikkje lite STOLT ! GRATULERE så mykje til eigarane med flott resultat og arbeid som er lagt ned.

•Klokkarsteinens I-delta gjekk blodsporprøve i open klasse fredag 30.5 og fekk 1.premie. Eigar Leiv-arne Støyva.

•Klokkarsteinens Hauk gjekk blodsporprøve torsdag 29.5. Og gjekk til 1.premie.
Kan no tittelere seg med NBCH så fort han har fyllt to år og og eit utstillingsresultat.
Eigar Siri Lisbeth og Ronny Karlsen.

•NBSCH NV(f)CH Klokkarsteinens Troya gjekk blodspor på rasemesterskaper, ho gjekk til 89 p. nr 5 på rasemesterskapet .Eigar Arne Sangoldt.

•Klokkarsteinen Zizzi EF gjekk blodsporprøve Torsdag 29.5 med 94 p. Og kan dermed søke om NBSCH og NVCH (F) manglar kun ein vg på utstilling.Eigar Erik Jakobsen.

•NBSCH Klokkarsteinens Shiva gjekk rasemesterskapet fredag 30.5 og fekk 96 p. Og kan tittle seg med NVCH (f)eigar Erik Jakobsen.

•NBSCH Klokkarsteinens Franco gjekk blodsporprøve på torsdag 29.5 og gjekk til 92,5 p. Ny dag og ny sjanse på rasemesterskapet fredag 30.5 og fekk 96 p. Og kan tittle seg med NVCH (f) eigar Marcus Skjerven.

•N UCH NV-24 N BS CH Klokkarsteinens Fini gjekk blodsporprøve på torsdag 29.5 og gjekk gjekk ho til 97 p. På rasemesterskapet fredag 30.5 gjekk ho til 94p.Fini er no trippel CH.

•Hivlingens Trude gjekk blodsporprøve torsdag 29.5 i Ak klassen,ho gjekk til 1.p og deltok i rasemesterskapet på fredag og gjekk til 92.p og blei nr 4 på rasemesterskapet. Eigar Øyvind Trellevik /jan Inge.

Rasemesterskap Hafslo 2025 
Rasemester.
NBSCH NVCH klokkarsteinens Shiva med 96 p. Gratulera førar/eier Erik Jakobsen.Dommer Morten Norheim.


NR 2 NBSCH NVCH klokkarsteinens Franco med 96 p. Gratulera .førar/eier Marcus Skjerven. Dommer Roald Lunde.


Nr 3. NUCH NV 24 NBCH NVCH klokkarsteines Fini med 94 p. Fører/eier Jan Inge skjerven.Dommer Roald Lunde .

Utstilling :Dommer Bernhard Haus.

•Klokkarsteinens Kaizer fekk 1.pr.og BIR i valpeklasse.Gratulere Morten og Ellen Anita Rise.


•Klokkarsteinens K-Tina fekk 1pr og BIM i valpeklasse.Gratulere til eigar Nils Arvid Langhelle.


•Klokkarsteinens G-mila fekk 1.pr på hi og Vg på utstilling.Gratulere eigar Per Ivar Bolstad og fører Knut Bolstad.
•Klokkarsteinens Hauk fekk Vg på utstilling .Gratulere eigar:Ronny Karlsen.Siri Lisbeth G.Årdal 
•NUCH NVCH NV-17 Klokkarsteinen’s N-Cain fekk Vg. Gratulera Eigar Cornelia Scanke Reinås.

Hivlingens Trude fekk CK 1.BTK BIR.
Gratulere til eigar Øyvind Trellevik /Jan inge