Frå anleggsprøve til hjortejakt .
Under Tysk Jaktterrier-treffet i 2025 gav Kennel Klokkarsteinen bort ei helg med hjortejakt som premie til ekvipasjen med høgast poengsum på anleggsprøva.
Det var NJCH Grytloppans Albert (Terror) og eigar Tonje Bakke som stakk av med sigeren
Terror ,Tonje og sambuaren Rune Johannessen fekk dermed oppleve ei flott jakthelg i vestlandsnaturen, der også NUCH NV-24 NBCH NVCH Klokkarsteinen’s Fini og NBSCH NVCH Klokkarsteinen’s Franco vart nytta under jakta.
Laurdagen hadde me med oss reporter Atle Skjelde frå Jakt & Fiske, som fekk vere med på jakta. Resultatet vart ein flott reportasje frå helga og rasen tysk jaktterrier, med fokus på hjortejakt og korleis denne allsidige rasen blir brukt i praktisk jakt. Ei minnerik helg med gode jaktopplevingar og godt selskap
Utklipp frå bladet jakt & Fiske























