Blodsportrening med Klokkarsteinens Lissi, ho spora meget godt og championatet er innafor rekkevidde.
Formiddagstur til fjells med nesten heile hundeflokken 🙂
Me gratulerer Klokkarsteinen`s Jenny med nok eit strålandes utstillingsresultat på Nordhordland Hundeklubb sin utstilling på Manger, Radøy. Dommar :Peter Harsanyi fra Ungarn. Jenny fekk Cert og blei BIR.
Godt jobba frå dyktige eigare Arne og Asta Sandgolt, trass i Jenny sin unge alder manglar ho berre 1 Cert for å bli utstillings champion !
Ny dag på revejakt i Sandsdalen, klokkarsteinens Bella ( Russisk støver) hadde uttak på ein hare etter langvarig tap bytte ho losdyr og drog ivegen med ein rev ,men før me kom på post drog reven ut mot Sogndal og Bella braut då ho ikkje kom over sauegjerdet. Marco ( Haldenstøver) jobba godt på harefot, men tok desverre ikkje ut noko hare i dag .
To økte på revejakt i dag, klokkarsteinens Bella (russisk støver ) fekk los på hare, medan klokkarsteinens Kira spora på nattgamle revaspor. Spora enda i ei stor steinur, og to rever sprang ut, men passerte posten 50 meter uttafor skuddhold. Vil tru hjerte banka ekstra godt på postrekka ( Arnfinn, Henrik og Espen ) som venta,når beskjeden kom på jaktradioen at reven var ute.
Var heldig å få delta på eit jaktlag frå Karmøy og Åmot/Drammen. Turen gjekk til sør Sverige, i nærheten av gamlebyen. Me ankom lørdagskveld og planlegginga starta umidelbart. Me kunne jakte på nær 20 000 mål og me hadde fellingstilatelse på villsvin, kronhjort,dovhjort og rådyr. Eg var heldig å få skyte villsvin og dovhjort som vart jaga fram av tysk jaktterrieren Ulvejelets Mira. Ufatteleg spennande når Mira tok ut los, og det kom på radioen at det var villsvin ho jaga, fekk fire stk. rett i fanget, og den eine måtte bli med heim. Eg hadde Perken med meg og, han hadde gode losar kvar dag han blei sleppt, los tida varierte frå fem minutt til 30 min, alt ettersom om hjorten gjekk rett ut eller ikkje.
I jaktlaget var det med 4 drevera frå Drammen/Åmot, det var jaktmaskiner,gjekk heile dagen og jobba iherdig. Ein drever og ein tyskar i kvart slipp ,vart det ikkje lenge mellom slipp og full los, noko som gjore det ufatteleg spennande. Var litt uheldig med været,frå snø ,regn til 15-20 blå på 24 timar,skare og styggkaldt dei tre siste dagane la ein liten dempar på jakta. Dette har vert ei veke med flotte jaktopplevelsar, topp hundearbeid og meget dyktige jegera, som verkeleg gav meirsmak, har alt bestilt for neste års tur !
Perken 19 mmd leiker med Mini på 10 veker. Klok hanne som skjønner at det er ein liten kvalp han leiker med. Har mykje morro dessa to.