Årets Tysk jaktterrier treff er på hell og me er strålandes fornøyd. Utruleg kjekt å sjå att kjendte fjes og nye i game,helse på våre avkom og andre firbeinte .GRATULERA som mykje med knallbra resultater. Var innom det meste,spor ,treningar på kunsthi og permogris,og nokre deltok på uoffesielle Anleggsprøve (utan drev)
Trening på permogris var fleire av våre hundar og avkom som deltok-utruleg kjekt å sjå korleis dei løyser oppgåva.
Rasemesterskap 2022-Årets rasemester vart Øyvind Trellevik med NJCH Klokkarsteinens Raiko,nr 2. Geir Egil Aasbak med NUCH NORD VCH Klokkarsteinens Moniq og Hans olav Nordli med NJCH N SE VCH Sotrævens Diana von Silferstråle på tredje.
- N BL CH Klokkarsteinens Ziko ef gjekk til 61 P i EK spor,eigar kjetil Refsdal.
Hivlingens Trude vart Rasemester i AK blodspor, eigar Øyvind Trellevik og Kennel Klokkarsteinen.