Me ynskjer alle eit riktig godt nyttår i hi og heim, ser fram til 2015.

Som det ser på bilde tatt i skrivande stund, går me inn i det nye året med sol.snø og vindstille.

God føre for jakt i morgen med Vostok.

 

Alderen til Jerry er ikkje merkbar når han er på jakt. Morten var hundeførar hadde spora både vel og lenge , når kolle, kalv og storbukken sjølv gav seg til syne. Morten skaut storbukken og i samme øyeblikk rauk lina til Jerry og losen gjekk umidelbart . Kolle og kalv kom på posten til meg og det var siste reis.  Jerry fortsatte på eit fjordyr, og retunerte etter ca 40 minuttar los godt fornøyd.

Mia fortsetter der ho slapp i fjor med godt søk ,meget godt mål og ho kan fremdelse blåsast av i full los . Mia sin 3 hjort so langt i jakta .