Var heldig å få delta på eit jaktlag frå Karmøy og Åmot/Drammen. Turen gjekk til sør Sverige, i nærheten av gamlebyen. Me ankom lørdagskveld og planlegginga starta umidelbart. Me kunne jakte på nær 20 000 mål og me hadde fellingstilatelse på villsvin, kronhjort,dovhjort og rådyr. Eg var heldig å få skyte villsvin og dovhjort som vart jaga fram av tysk jaktterrieren Ulvejelets Mira. Ufatteleg spennande når Mira tok ut los, og det kom på radioen at det var villsvin ho jaga, fekk fire stk. rett i fanget, og den eine måtte bli med heim. Eg hadde Perken med meg og, han hadde gode losar kvar dag han blei sleppt, los tida varierte frå fem minutt til 30 min, alt ettersom om hjorten gjekk rett ut eller ikkje.

I jaktlaget var det med 4 drevera frå Drammen/Åmot, det var jaktmaskiner,gjekk heile dagen og jobba iherdig. Ein  drever og ein tyskar i kvart slipp ,vart det ikkje lenge mellom slipp og full los, noko som gjore det ufatteleg spennande. Var litt uheldig med været,frå snø ,regn til 15-20 blå på 24 timar,skare og styggkaldt dei tre siste dagane la ein liten dempar på jakta. Dette har vert ei veke med flotte jaktopplevelsar, topp hundearbeid og meget dyktige jegera, som verkeleg gav meirsmak, har alt bestilt for neste års tur !

 

Post Navigation